Skipsbyggerne

.

SkipsbyggerneVi blir med til den fiktive småbyen Langevik i Oslofjorden på starten av 80-talet. Skipsverftet er hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet, men utflagging og nedlegging truar drifta.

Den nyutdanna økonomen Nick vender tilbake til heimplassen etter å ha fått ei sentral rolle i eit prosjekt som vil bety mykje for framtida til verftet. Usikkerheit og motstridande interesser hos leiing og arbeidarar har skapt splid i bedrifta, og det er eit hardt miljø Nick skal bli ein del av. 

Ei anna viktig årsak til at han flytta tilbake til heimbyen er Miriam Bergersen. Men for å få henne må han utkonkurrere sonen til direktøren. Kva har Nick å stille opp med der? Eit tilfeldig val han gjorde i studietida skal komme meir til nytte enn han hadde sett for seg: Han kryssa nemleg av på EDB valfag. Og det viser seg både å vere eit fortrinn i konkurransen om Miriam og jobbmessig.

Erik Grønner er født inn i verftsindustrien og har sjølv arbeidd på Moss verft. Det er slett ikkje umulig at den som sjølv er tilsett i ei tilsvarande bedrift vil kjenne seg att i mykje av sjargongen i boka. Den som ikkje kjenner industrien så godt vil få eit godt innblikk i byggeprosessen frå ordre til ferdig båt, og problemstillinga med effektivisering er sjølvsagt aktuell på fleire industrifelt.

Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: