Ekstremt høyt og utrolig nært

.

Ekstremt hoeyt og utrolig naertKvar var du 11. september 2001? Dei fleste av oss vart sitjande i sjokk og vantru framfor fjernsynet mesteparten av denne dagen, mens vi gong på gong såg fly krasje inn i tvillingtårna til World Trade Center. Det er denne redselsfulle hendinga Jonathan Safran Foer har brukt som bakteppe for romanen Ekstremt høyt og utrolig nært som kom på norsk i 2005. Og han plasserte 9-åringen Oskar Schell midt i tragedien.

På grunn av det som har skjedd på nedre Manhattan blir elevane denne dagen sendt heim igjen idet dei kjem til skulen. Oskar er ikkje engsteleg, for han veit at begge foreldra arbeider i Midtown, og Bestemor jobbar ikkje i det hele tatt – så alle han er glad i er trygge. Men heime blenkjer telefonsvararen. Fem meldingar frå faren. Og før Oskar rekk å finne ut kva han skal gjere, tenkje eller føle, ringer telefonen på nytt. Det er faren… 

For tilfeldigheiter har ført til at far til Oskar, likevel opphaldt seg i World Trade Center nettopp denne morgonen. Han var i eit møte i topprestauranten ”Windows on the World” i det nordlege tårnet, og blei derfor eitt av dei 2973 ofra etter terrorhandlingane. 

Etter at faren dør har Oskar eit stort behov for å finne noko som kan fortelje han meir om faren, noko som kan gje han kjensla av å ha han nær seg litt lenger. Han rotar rundt i farens ting, og i ein blå vase i faren sitt skap finn han ein liten nøkkel saman med ein lapp der det står “Black”. Saman med den pensjonerte naboen som har vore krigskorrespondent legg han ut på ein innhaldsrik og sorgmunter odyssé i New Yorks gater på jakt etter ein lås som nøkkelen kan passe i. 

Boka er av det slaget som ikkje «les seg sjølv» heile vegen. Lesaren møter motstand i teksten her og der fordi Foer rett som det er bryt med romansjangeren. Boka er og krydra med illustrasjonar i form av fotografi og teikningar, blanke sider, brev med overstrykingar og uthevingar, bilete frå TV-skjermen, noko som eg i starten opplevde som rart og litt forstyrrande, men etter kvart kjende eg det som ei spanande utviding av teksten. 

Romanen vekslar mellom ulike typar tekstar der Oskar sjølv, farmora og den fråverande farfaren utgjer tre svært ulike forteljarstemmer i dei ulike kapitla. Midt oppe i notidstragedien får vi og tilbakeblikk på besteforeldra si store katastrofe: dei var opphaveleg tyske og opplevde bombinga av Dresden under 2. verdskrigen. 

Ekstremt høyt og utolig nært er ei rar, sår, varm, morosam, trist bok. Du vil sakne Oskar når du er ferdig med boka.

Hilde Merete Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: