Sauebondens liv

.

sauebondens livEg veit ikkje så mykje om sauer og sauedrift, men eg er glad i England og den engelske landsbygda. Difor var det naturleg for meg å lese den kritikarroste boka «Sauebondens liv. Fortellinger fra den engelske landsbygda».

Sauebonden James Rebanks skildrar livet på familiegarden som ligg i det velkjende Lake District i nordvest-England. Vi følgjer arbeidets gang og menneska rundt forfattaren, frå sommar, via haust og vinter til den travle våren med lamming og alt arbeidet det medfører  - men også gleda over nytt liv.

Arbeidet, garden, sauene og bygda vert sett inn i ein samanheng. Vi får kjennskap til familiehistoria, både før og no, korleis garden vert driven og samhaldet mellom sauebøndene i distriktet. Og så er det sauene då, dei ulike rasane, levemåten, sterke og svake sider og kva som må til for å ale fram gode og levedyktige dyr som det er verdt å satse på.

Skildringa av livet hans som sauebonde er ei forteljing om ei djup rotfesta tilknyting til eit særmerkt landskap og ein livsstil som i alle fall i England får lite merksemd. Her hos oss er vi nok meir opptekne av småskalalandbruk og verdien av å oppretthalde busetnad over heile landet.

På eit vis er denne skildringa frå ein engelsk «fjellgard» England sitt svar på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Og akkurat som hos Bruaset vert vi også her fascinert av å lese om eit menneske som i ei tid prega av egoisme og statusjakt, går ein heilt anna veg enn den gjengse.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: