Kjemikeren

.

KjemikerenJuliana Fortis var tidlegare forhøyrsleiar for ein hemmeleg teneste i USA kun kjent som "Byrået". Ho hadde ansvar for å få sanninga ut av pågripne terroristar slik at framtidige anslag kunne stoppast. Men med ein slik jobb får ein gjerne vite meir enn kva godt er, og byrået besluttar å fjerne ho frå stillinga.

Juliana lykkes i å rømme fra sine arbeidsgjevarar og lever i årevis på flukt under forskjellege namn og identitetar kor det kun er hennar paranoide adferd som held ho i live. Heilt til ho ein dag blir spora opp og kontakta av ein tidlegere overordna, som ber om hjelp. Dei står ovanfor ei katastrofe, eit biologisk angrep som har potensiale til å ta kanskje så mykje som ein million liv, og dei treng den einaste som kanskje kan finne ut kor våpenet er gøymd før det er for seint. Juliana må freista å hjelpe til, men kan ho lite på sine gamle kollegaer, eller er dette nok eit forsøk på å stilna ho for alltid?

Med denne boka har Stephenie Meyer, kjend for ungdomsbøkene i Twilight-serien, skreve si første bok for vaksne. Den er spanande og intens, men kan hende ikkje særleg truverdig til tider. Men om du likar heseblesande action og historiar som tar nye vendingar er dette absolutt god underhaldning!

Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: