Paradisbakken

.

ParadisbakkenParadisbakken er ein spanande norsk kriminalroman, skriven av ein forfattar som absolutt har eksportpotensiale. Den har mykje action utan at den er «over the top» eller kunstig, slik nokre bøker har rykte på seg for å vere, og språket er både godt og nyansert.

I denne krimen møter vi fire venninner i Drammensområdet. Dei held saman i gjengen sin syklubb, «De sorte sommerfugler», trass i at dei som personar er nokså ulike. I 1989 vart den felles venninna deira, Camilla Carlsen, drepen i Paradisbakken. Ho var naken og såg ved fyrste augekast ut som ei utstillingsdukke.

Drammenspolitiet med etterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen i spissen, tek opp att jakta på den ukjende mordaren. Nærmare 25 år er gått. Så blir ei venninne til funnen drepen på same måte som Camilla; ho ligg i eit utstillingsvindauge. Kva er beskjeden bak det heile?

Alle er ein del av puslespelet. Men med forviklingar og røyndomar til tusen kan «alle» vere gjerningspersonen. Er det éin eller fleire på frifot? Finn vi ut kva som ligg rett framom auga våre før det er for seint?

Vi stiller oss sjølve mange spørsmål undervegs i boka, og litt etter litt nøstast trådane opp…

Caroline Ekornes Johannessen, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: