Forsoningen

.

ForsoningenEg veit ikkje om ei einaste setning i nokon roman som har gjort sterkare inntrykk på meg enn den siste setninga i Forsoningen av tysk-britiske Fred Uhlman. Eg skal sjølvsagt ikkje røpe den her. Eg skal i staden starte med den første setninga i boka: «Han kom inn i mitt liv i februar 1932 og forlot det aldri siden.» 

Året er 1932. Handlinga utspeler seg i Stuttgart – den gongen eit kultursentrum i Europa. 16 år gamle Hans Schwarz, son av ein jødisk lege, sit i klasserommet på Karl Alexander Gymnasium ein grå og mørk vinterettermiddag. Han halvsøv, teiknar krusedullar i notatblokka medan læraren doserer frå tavla.

”[…] da banket det på døren og før herr Zimmermann kunne rekke å si Herrein, inn kom professor Klett, rektor. Men det var ingen som så på den pertentlige lille mannen, for alles øyne var rettet mot den fremmede som kom sammen med ham.” 

Den framande er ny elev i klassen - grevesonen Konradin von Hohenfels. Han gjer stort inntrykk på Hans og allereie ved første møte med Konradin veit Hans at dette er den venen han har lengta etter.  

Venskapen mellom Hans og Konradin veks fram parallelt med framveksten av nazismen, og til tross for at dei to gutane i det lengste prøver å oversjå det, grip den politiske utviklinga inn i liva deira og. 

"Vi så ingen grunner til å bekymre oss. Politikk var noe som angikk de voksne - vi hadde våre egne problemer å tumle med. Og viktigst syntes vi det var å finne ut hvordan vi best skulle anvende våre liv - og selvfølgelig å oppdage livets hensikt, hvis det fantes noen hensikt, og hvilken plass mennesket hadde i det uendelige og fryktinngytende kosmos. Dette var evige og fundamentale spørsmål, langt viktigere enn slike forbigående og latterlige begreper som Hitler og Mussolini."

Men eitt år seinare er den intense venskapen over.    

Det er Hans som er forteljaren i boka, der han i 1960 ser tilbake på det som hende for tretti år sidan - ei historie om det å forsøke å tilgi sjølv om ein ikkje vil. Og ei historie om at tilgjeving kanskje ikkje alltid er mogleg, men at ein likevel kan forsone seg med ting for så å gå vidare.   

Boka vart utgitt på eige forlag i 1960, men vart kjent først seksten år seinare, da den vart utgitt på nytt med eit forord der forfattaren Arthur Koestler omtalte romanen som «eit meisterverk i miniatyr». Dette er den einaste romanen Fred Uhlman ga ut. Med sine 137 sider (Bokklubben si utgåve frå 1983) går det raskt å lese boka – men lesaropplevinga sit i lenge etterpå.

Hilde Merete Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: