Der vi engang gikk

.

Der vi engang gikk"På hvert sted et menneske har gått, lagres det et minne om det. Det er usynlig for de fleste, men for den som kjenner og elsker dette mennesket, viser det seg som et tydelig bilde hver gang man går forbi. Så lenge de elskede menneksene finnes, finnes også bildet, også om den som gikk der ikke lever lenger." (s. 340)

Finland igjen! Eg har aldri vore der. Den dramatiske historia til finnane kjenner eg til berre i brokkar og bitar. Eg har aldri vore opptatt av litteratur om og frå Finland, men dei få gongene eg har gått laus på slik litteratur har eg blitt både overraska og fascinert. Det har tidlegare her på bloggen vore tipsa om Tommi Kinnunen sin fantastiske roman Der fire veier møtes som finn stad ute på den finske landsbygda, med utgangspunkt i ein liten familie. I Der vi engang gikk får vi innblikk i eit heilt anna miljø. Denne romanen utspelar seg i Helsingfors, med eit stort persongalleri frå både arbeidarklassen, middelklassen og overklassen. I starten av boka sleit eg litt med at det etter kvart blei så mange namn å halde frå kvarandre, men det endra seg straks eg slutta å leite etter ein hovudperson. Det er meir dei kollektive hendingane framfor enkeltpersonar som er det sentrale i denne romanen. 

Handlinga spenner over tidsrommet frå 1907 til 1938, gjennom 1. verdskrigen, den russiske revolusjonen med påfølgande finsk lausriving og deretter borgarkrig mellom "dei raude" og "dei kvite", oppblomstringa av den fascistiske Lappo-bevegelsen, og vinterkrigen fram til andre verdskrigen startar. Vi møter klassekamp, umogleg kjærleik, framveksten av eit moderne storbysamfunn, jazzen sitt inntog i Finland, foto, moter, kunst, arkitektur – og ikkje minst sport, i form av tennis og fotball.     

Romanen skildrar på eit intenst vis korleis krig, splitting og uro forma liva til ei gruppe menneske som har det til felles at dei dei er fødd omkring hundreårsskiftet, og at dei er busett i Helsingfors. Nokre greier å gå vidare, gløyme eller fortrengje, medan dei meir sensitive går til grunne. Dette er ei bok som sit lenge i etter at siste sida er lese! 

Same året boka kom ut fekk Westö den prestisjetunge Finlandiaprisen for Der vi engang gikk.

Hilde Merete Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: