Himmelstormeren

.

Himmelstormeren

I Himmelstormeren frå 2007 tar journalisten Cecilie Enger for seg livet til ei av dei første fagforeiningskvinnene i landet, Ellisif Wessel (1866-1949).

Ho blei fødd inn i ein velståande familie i Gudbrandsdalen der faren var lege. I staden for å finne seg ein ektemann frå overklassen ho var vaksen opp i, valde ho – trass sterk motstand frå den strengt pietistiske familien - å gifte seg med sin eigen fetter Andreas Bredal Wessel, og følgje han til Kirkenes der han hadde fått jobb som distriktslege.

I Finnmark møtte dei mange menneske i stor naud, og tuberkulose var ein svært utbreidd sjukdom. Ellisif var med som medhjelpar når mannen var på sjukebesøk, og ho begynte å skrive om det ho såg omkring seg, både i form av dikt og artiklar til arbeidarrørsla sine aviser og tidsskrift.

Funn av jernmalm i Sør-Varanger hadde ført til at Kirkenes utvikla seg til eit aktivt gruvesamfunn, der ho såg at arbeidarane både blei utnytta og stoppa i forsøka på å organisere seg. Dette førte til ei politisk oppvakning hos den unge Ellisif, som hausten 1906 var med på å starte «Nordens Klippe» – ei av Norges første fagforeiningar.

I samband med eit besøk hos Lady Barbara Arbuthnott i Sunndal i ungdomstida, fekk Ellisif eit kamera i gåve, og i Finnmark starta ho å fotografere samane sine liv, kulturlandskapet og ikkje minst den sosiale nauda ho såg rundt seg. (Fleire av bilda er å finne på digitaltmuseum.no). Ho lærte seg både russisk og tysk for å kunne omsette bøker og brosjyrar, og heimen til ekteparet Wessel blei ein møtestad for politiske agitatorar og russarar som var på flukt etter den mislukka revolusjonen i 1905.

Det er eit dramatisk og hardt liv som dannar den ytre ramma i denne biografiske romanen. Cecilie Enger fletter inn både dikt og utdrag frå artiklar Ellisif Wessel har skrive, samt delar av avisdebatten som rasa rundt haldningane og handlingane hennar. Men det er likevel måten forfattaren greier å leve seg inn i tankane og kjenslene til denne forunderlege kvinna som rører meg sterkast. Ellisif opplevde mykje motgang og store tap i livet, og eg synest forfattaren på meisterleg vis greier å levandegjere korleis val ho tar og opplevingar ho råkar ut, for er med på å forme henne.

Romanen balanserer godt mellom det fiktive og det autentiske, er lettlesen og medrivande. Det einaste eg har å utsetje på romanen er at eg skulle ønskje den var lenger!

Hilde Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: