Storbarnsliv

.

storbarnslivGuro Hoftun Gjestad skreiv kronikken «Kjære storbarnsforeldre» i VG, om korleis det er å vere foreldre til tenåringar.

Her skriv ho mellom anna: «Jeg skriver denne teksten klokken fem om natten. Endelig sovnet barnet trygt i sengen sin etter nok en våkenatt. Men mor er våken. Mor har vært våken i 18 år. Det finnes en mammablogg ingen skriver. En foreldrerolle som sjelden drøftes. Den viktige, vanskelige, offentlige samtalen om storbarnsforeldrene og tiden der navlestrengen strekkes som en morken løpestreng, er stille.»

Det viste seg snart at dette er eit tema som verkeleg engasjerer. Kronikken spreidde seg raskt i sosiale media, og blei delt over 100.000 gonger. Det er skrive side opp og side ned om livet til småbarn, men kva med ungdommane? Kvifor er det så vanskeleg å snakke om korleis det er å vere foreldre og vaksenperson når barna skal finne sin eigen veg?

I boka si, «Storbarnsliv», prøver Guro Hoftun Gjestad å gje svar på noko av dette. Boka har fått mykje merksemd for å ta opp ein viktig og lite omtala del av foreldre sin kvardag, nemleg livet med dei store barna. Her får vi høyre historier om ulike ungdommar. Her er historia om gameren som stengjer seg inne på rommet i si eiga verd, om jenta som slankar seg sjuk og om mange fleire. Forfattaren har også henta inn bidrag frå ulike fagfelt, mellom anna sosialpsykologi. Dette gjer drøftingane rundt temaet gode.

Hoftun Gjestad skriv godt og levande, og boka er vanskeleg å leggje frå seg. Boka passar for alle som er i kontakt med ungdommar, anten som foreldre eller gjennom jobb. Hoftun Gjestad har eit godt språk, og skildringane av ungdommane er så gode og såre at det gjer veldig inntrykk. Ei bok som satt i meg lenge etterpå!

Anne Elin Øverbø, Aukra folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: