Hålke

.

hålkeHandlinga i denne romanen er lagt til ei leiligheit i Oslo, der «dramaet» foregår over nokre korte vinterdagar. Ekteparet Ebba og Karl, med over 40 års samliv i bagasjen, er innestengt  på grunn av islagde fortau og vegar. Den eneste sonen bur i Australia, og dattera er på ferie i Portugal.

Ebba og Karl kjenner kvarandre sin styrke og svakheit heilt inn til margen. Dette kunne lett vorte kjedeleg, men Helene Uri klarar å gjere denne historia til spanande, litt trist, men også svært morosam underhaldning.

Kvinna Ebba fører ordet, den ein gong svært vellukka karrierekvinna, høgskulelektoren med ambisjonar, som no er pensjonert og prisgitt dagleg omgang med sin Karl. Han som ein gong var den populære og ettertrakta som alle venta seg noko stort av, men som har vore fornøgd med å undervise ungdomsskuleelevar gjennom eit langt liv. No er desse to innestengt, overlatne til seg sjølve, to gamle mennesker som ikkje tør å våge seg ut på glattisen, som satsar på at matforrådet i skapa held til veret endrar seg eller kommunen strør på dei islagde vegane.

Helene Uri skriv direkte og presist, og hentar fram fine små nyansar som viser to mennesker, som fortsatt etter eit langt samliv kan «tende» kvarande, irritere kvarandre grenselaust, smålyge for kvarande, vise ømheit, raseri og følelsar som grensar til hat. I Ebba sin versjon er Karl ein mann å frykte. Han har eit voldsomt temperament, men kan også tilgi, og er ein mann med sans for store blomsterbukettar. Venninnene har gjennom åra oppmoda henne til å forlate Karl, han har ein gong slått og kan gjere det igjen. Ho skuldar han også for å ha vore for lite ambisiøs, for bedageleg. Ho vedgår å ha hatt sine svin på skogen, ein elskar, til overmål ti år yngre enn henne.

Mykje klok observasjonsevne hjå forfattaren gjer portrettet av Karl og Ebba til ei smertefull påminning om den mindre glamorøse sida ved å verte eldre,  men den fortel også om seigliva kjærleik og om krenking som aldri vert gløymd.

Det er forbausande mykje underhaldning og humoristisk snert i Helene Uri si beskriving av dagleglivet sine rituale hjå eit aldrande ektepar som av rein staheit nektar å be naboen om hjelp eller rett og slett ta ein telefon til næraste matvarebutikk. Det finst alltid ein pose med nypete når kaffien tek slutt, eller ein karamellpudding utgått på dato for tre veker sidan. Ebba frydar seg over å servere ektemannen sin nettopp den.

Helene Uri vart med Hålke nominert til Bokhandlerprisen 2016.

Marianne Bakke Omenås, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: