Snø vil falle over snø som har falt

.

Snø vil falle over snø som har faltDa Levi Henriksen i 2004 debuterte som romanforfattar med "Snø vil falle over snø som har falt" var eg ei av dei få som ikkje kasta meg over den mykje omtalte forfattaren. Det gjekk faktisk heilt fram til sommaren 2016 før eg ga meg i kast med ei av bøkene hans – men FOR eit møte! Eg starta «på topp» med "Harpesang" frå 2014, og var veldig spent på om debutromanen ville «nå opp» når eg let den bli årets romjulslektyre.

Romanen opnar i det Dan Kaspersen, nettopp lauslate frå eit to års fengselsopphald, stormar ut av kyrkja og vekk frå gravferda til sin eigen veslebror. I si fortviling køyrer han på måfå rundt i bygda der han og broren har delt så mykje, på eit heftig vinterføre med sommardekk på den gamle Volvo Amazonen etter faren. Innlandsvinteren har lagt si kalde klo om Skogli, Dan blir innhenta av fortida og må kjempe for mykje meir ennå få bilen på rett kjøl. 

Romanen byr på råbarka spenningsunderhaldning frå eit barskt og  rått miljø, tilbakeblikk på syskenforhold og oppvekst i ei lita bygd - og ei var kjærleikshistorie. Alt dette spent opp mellom ytterpunkt i pinserørsla og flatfylla. Det heile blir kombinert med absurde episodar som til dømes griseslakt i findress og heisatur til Sverige saman med ein aldrande onkel med beinproteser. 

Høyrest det vilt ut? Banalt?    

Alt er skildra med nærleik og varme, og eg tenkjer at forfattaren sin styrke ligg i nettopp dette: nærleiken og kjærleiken til romanpersonane, blikket for det heimlege landskapet, banda til oppveksten i pinsekyrkja. Henriksen er god til å fortelje historier på ein bilderik måte slik at filmen rullar i hovudet på lesaren. Stemninga som heile tida ligg under, det som kjem fram mellom linjene, gjer det banale truverdig.

Romanen er krydra med betraktningar av typen «Han kom til å tenke på eldre mennesker han hadde sett spankulere rundt her med hendene på ryggen og studere gravstein etter gravstein som om de skulle betrakte bilder på en kunstutstilling.» og «Brøytebilen hadde lagt igjen noen kanelstriper med sand nedover mot byen, som han forsøkte å sikte hjulene inn mot.» 

Skrivestilen har eit munnleg preg som for øvrig blir utmerka ivareteke av Fridtjov Såheim ved innlesing av  lydboka. 

Allereie same år som romanen kom ut fekk Levi Henriksen Bokhandlerprisen – ikkje det minste rart!

Hilde Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: