Haren med øyne av rav

.

haren med øyne av ravTittelen og omslaget var det første som gjorde meg nysgjerrig på denne boka. Kva slags bok var vel dette og kva var det med denne haren? Og boka er mangt og mykje – ei familiehistorie, ei kulturreise, europeisk og japansk historie og jødane si tragiske skjebne.

Forfattaren Edmund de Waal er ein kjend britisk keramikar. Av ein onkel arvar han familien si samling av japanske netsukar. Ein netsuke er ein liten detaljrik figur skapt av japanske kunsthandverkarar. Særleg dei som er laga før 1860 er verdifulle. Motiva er henta frå austleg mytologi, historie og segn, frå daglegliv eller frå dyre- og planteliv.

Boka er ei historie om denne samlinga og ei historie om familien til Edmund de Waal. Det er også ei historie om veksten og fallet til eit jødisk dynasti, om død, tap og eksil og om korleis desse objekta overlever i løpet av ei periode på 140 år.

Kven var menneska som hadde halde netsukane i hendene sine og kva hadde figurane betydd for dei?

Den første tilhaldsstaden til denne samlinga er hos kunstkritikaren Charles Ephrussi i Paris på 1870-talet. Charles er modellen til Swann hos Proust og han er også med i krinsen rundt Renoir og Degas.

Det andre rommet til netsukane er påkledningsrommet til forfattaren si oldemor, Emmy von Ephrussi. Ho bur i eit storslått palass, Palais Ephrussi, i Ringstrasse i Wien.

Den tredje tilhaldsstaden er hos sonen hennar, Ignace, som er forfattaren sin grandonkel. Rundt 1970 bur han i ei leilighet i det sentrale Tokyo. Av denne grandonkelen, kalla Iggie, arvar forfattaren samlinga av 264 netsukar. Såleis vert også forfattaren ein del av denne historia.

Forfattaren er sjølv ein som lagar ting, han lagar keramikk. Han er oppteken av korleis ting vert laga, korleis dei vert handsama og kva som skjer med dei. Han har også vore spesielt oppteken av Japan då han allereie som syttenåring reiste dit for å studere keramikk. Den gongen på syttitalet var også første gongen han såg netsukesamlinga hos Iggie.

Denne boka var ein fest å lese, spennande, lærerik og mangfalding. Ei bok som vil vere midt i blinken for lesarar med interesse for kultur, reiser og historie.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: