Der fire veier møtes

.

der fire veier motesI ei lita bygd i det nordlige Finland skil den unge jordmora Maria seg ut og blir utsett for folkesnakk. Ho er sjøvstendig, forsørgjer seg sjølv, og får dottera Lahja utanfor ekteskap.

Det er Maria vi først vert kjend med. Året er 1895 og vi møter henne når ho som nyutdanna jordmor må streve for å finne fotfeste i sitt nye yrke. Ho har eit lyst sinn, og med stå-på viljen sin kjem ho langt. Ho forblir einsleg gjennom livet av eigen vilje. Dottera Lahja er av ein heilt anna støypning. Ho er sta som mor si og når ho sjølv i ung alder finn ut at ho er gravid, er ho bestemt på at om ikkje barnefaren dukkar opp igjen, vil ho gifte seg med ein annan mann snarast. Ho blir kjend med Onni og giftar seg med ham. Dei får to born, og det er yngstemann Johannes som blir verande i huset som faren bygde opp etter evakueringa.

Onni vende heim som helt etter andre verdenskrig og er ein god mann, flittig og pliktoppfyllande og utruleg flink både med borna og med andre mennesker. Men han finn seg ikkje til rette i ekteskapet og søkjer seg stadig bort. Lahja er bitter og inneslutta og vanskeleg å ha med å gjere.

Mange år seinere bor Lahja ålene i det store slektshuset saman med yngstesonen Johannes, svigerdotter Kaarina og borna deira - i eit hus der alt forblir usagt.
Lahja er no gamal og det er så vidt dei andre toler å ha henne i huset. Kaarina er ei tålmodig svigerdotter som greier å takle den gamle sin biske måte å være på. I 1996, etter 40 år under same tak, dør Lahja som ei gamal dame. Friheitsfølelsen Kaarina og Johannes har venta på kjem ikkje, og ei tomheit inntek den vesle heimen deira.

Til slutt blir det svigerdattera Kaarina som finn svara på familien sine mange forteiingar og løgner.

At ein finsk slektsroman med handling fra 1890-åra skulle fenge meg slik, hadde eg ikkje venta. Forfattar er Tommi Kinnunen.

Marianne Bakke Omenås, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: