Alt inkludert

.

Alt inkludert«Alt inkludert» er den fjerde romanen til Marit Eikemo. Eikemo skriv godt og levande nynorsk, og har sin eigen forteljarstil.

Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja inn i eit hybelhus i eit norsk nabolag, utan noko anna med seg enn kvar sin trillekoffert. Dei har ikkje noko nettverk, ingen møblar og ingen venner. Kva har hendt? Og kva skjer no?

Agnes diktar opp ei historie om at flyttelasset deira blei stole av øst-europearar, som ho serverer nysgjerrige naboar. Mesteparten av dagen brukar ho til å leite etter billege møblar på finn.no, mens dottera meir eller mindre seglar sin eigen sjø.

Vi følgjer Agnes sitt forsøk på å etablere seg i det nye nabolaget. Ho får etter kvart kontakt med menneska der, men mange av desse relasjonane blir etter kvart veldig kompliserte. Agnes viklar seg inn i eit nett av kvite løgner.

Eikemo er ein god forteljar. Boka er underhaldande og lett å lese. Heile tida ligg det store spørsmålet i bakgrunnen: Kvifor har Agnes og Maja hamna i ein slik situasjon? Det driv lesaren vidare.

Eg likte måten historia blir fortalt på. Som lesar sitt du med ei kjensle av å bli godt kjend med hovudpersonane, utan å få heilt tak på dei. Boka har mykje humor og artige episodar, men det ligg ein sår tone under heile tida. Eg er litt usikker på kva denne historia prøver å seie oss, men kanskje er den ein kommentar til notidas materialisme og jaget etter stadig nye ting.

Anne Elin Øverbø, Aukra folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: