Utfor

.

Utfor"Ny skule, nye moglegheiter!" Det var nesten blitt mora sitt mantra. Men å flytte frå byen og ut på ei øy i havgapet var ikkje berre enkelt for Lea. 

Lea skal begynne i 9. klasse på øya og vert fort kjend med klasseveninnene. Ho vert også kjend med naboguten, Johannes. Dei utviklar eit godt venskap, og alt verkar greitt. Men kvifor tek dei andre i klassen avstand frå han? Kva er det dei sluttar å snakke om når ho nærmar seg? 

Lea vil så gjerne passe inn, men merkar fort at det å vere ven med Johannes ikkje er den rette måten å verte populær på. Det viser seg at det er ei historie knytt til han, og den historia vil Lea lære å kjenne. Men korleis kan ho det, når ingen vil snakke om det som har skjedd? 

Valet mellom å verte "ein av gjengen" og å halde fast på venskapet til Johannes vert stadig vanskelegare, og Lea kjenner det etterkvart som om ho vert kasta utfor eit stup ...

Boka er super for deg som går i ungdomsskulen. Ho får deg kanskje til å tenkje over kva som er dine verdiar. Kva ville du sjølv ha valt? Johannes eller dei populære jentene? 

Forfatter: Sunniva Relling Berg

Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: