Det er ein elefant i barnehagen

.

Det er ein elefant i barnehagenKva er den rare lyden i barnehagen? Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere?

Maren er sikker i si sak - det MÅ vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne. Og med det er elefantjakta i gong. Dei leitar etter elefanten i heile barnehagen, men utan å finne noko. Til slutt set dei opp ei elefantfelle. Kven som blir "fanga" i den felle skal vi ikkje røpe her.

Forfattaren, Bjørn T. Bøe, arbeider som barnehagepedagog, og det er tydeleg at han kjenner miljøet han skriv om. Han skriv om barnehagekvardagen på eit vis som gjev stor attkjenningseffekt i lesargruppa. Det at borna kan finna den gøymde elefanten i illustrasjonane – ein elefant personane i boka aldri finn – er dessutan eit spanande val som opnar for fine samtalar og aktivitetar i lesestunda. Er det til dømes eit elefantauge som kikar ut frå ventilasjonssystemet?

Dette er ei morosam bok om kvardagslivet i ein barnehage, og boka er fin til høgtlesing.

Elisabeth F. Kjerstad, Sula bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: