Teo tøffar seg

.

teo tøffar segNok eit sjarmerande møte med førsteklassingen Teo!

I denne boka er det blitt 17. mai – ein stor festdag både for liten og stor. Denne gongen skal Teo gå i tog i lag med klassen sin og ikkje med barnehagen som tidlegare. Mor har til og med sydd bunad til han. Forventningane er difor store når dei forlét huset for å ta del i toget og påfølgjande aktivitetar på skulen. Litt småerting må han tole frå  klassekameratane – dei synest at han ser ut som ein liten nisse. Men ertinga bit ikkje på Teo, for han er stolt over kor fin han er i bunaden. Men det er ein solrik og fin 17. mai, så då vert det varmt med bunad. Han vert tørst og varm og orkar ikkje å vere med på alle dei artige leikane som han hadde gledd seg slik til. Kva skal han gjere? Han er redd for å skuffe mor og lurer på om han skal tørre å ta av seg bunaden. Dette fører til forviklingar og mange artige episodar.

Dette er fjerde boka om Teo. Dei er ypparlege til høgtlesing, både i klassen og heime. Dei tre andre heiter: «Teo i trøbbel», «Teo tar sjansen» og «Tenk at det var Teo!». Forfattar: Solveig Blindheim Bendixen.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: