Teo tøffar seg

.

teo tøffar segHar du ikkje lese bøkene om Teo enno, så har du noko å gle deg til. Dei handlar om Teo som går i første klasse, og alt det rare, morosame og spennande som han opplever, både på skulen og i fritida.

Les gjerne sjølv eller få nokon til å lese for deg, bøkene er like spennande for store som små. Eg trur mange vil kjenne seg att i boka ”Teo tøffar seg” no når vi nærmar oss 17.mai. Dei andre bøkene heiter: ”Teo i trøbbel”, ”Teo tar sjansen” og ”Tenk at det var Teo”.

Det er Solveig Blindheim Bendixen som har skrive dei, og så er dei på nynorsk.

Marit Ljøen, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: