Fredlaus

.

FredlausRydland har skrive ein fantasyserie i 5 band som starta med Drakeguten i 2010 og bleir avslutta med Fredlaus i 2015.

Fyrste bandet i seien heitte Drakeguten og fortel om 12-åringen Koll som drøymer om å bli soldat og vere med å vergje landsbyen Kervad mot overfall frå lovlause røvarar. Han lever i ei slags middelalder-verd og blir kjend med Eran, ein lovlaus røvar, som lærer han det viktigaste ved nærkamp: nemleg å overleve. Denne karen trenar Koll til å bli så snøgg og spretten at han kan vri seg undan det meste – og han lærer han å lye etter nordavinden. Koll finn ut at han har evna til å høyre kva Nordavinden seier, og han kan sende meldingar med vinden. Men Koll lærer også å slåss med både kniv og sverd og blir ein farleg slåsskjempe. Saman med Eran finn han ei gamal hole med ein daud drake og store rikdomar. Dette fører til gruvedrift og stor rikdom for landsbyen. Men etter kvart kjem det også andre som vil ha tak i rikdomen og Koll forstår at kampevnene hans kan bli vanskelege å styre, spesielt ettersom han er nokså hissig. Kva er rett og kva er gale, kven er ven og kven er eigentleg fiende og er det greitt å slåss slik at ein tek livet av folk? Koll finn ut at den fredlause Eran ikkje vil han noko godt, men Koll vil stadig slåss for landsbyen sin og fridom frå landevegsrøvarar. Serien fylgjer Kolls utvikling i kamp og strid for landsbyen Kervad, og for dei han er glad i der.

Femte bandet startar med at Koll, som har vorten lyst fredlaus av nye makthavarar i Kervad, bur hemmeleg i den næraste byen og prøvar å finne KVA som eigentleg skjer. Kven er den mystiske Araynys som opererer under fleire namn og somme tider opptrer som mann? Ein hemmeleg, mektig person samarbeider med dei mørkaste kreftene i byen og faktisk også med dei nye makthavarane i Kervad og der er kjeltringar som vil stele rikdomane i gruva til landsbyen. Her finst det både trollmenn og drakar, spesielle kraftige materialar som toler alt, og Koll får bruk for både dei magiske evnene sine og gode hjelparar i kampen for å vinne tilbake fridomen for Kervad. Boka toppar seg i ein dramatisk kamp mellom den fanga Koll, Araynys og ein nyklekt, vondskapsfull drake. Og han finn så smått ut koss han skal styre sinnet sitt når han blir provosert. Han har ein «drake» inni seg som eggjar han når folk er urimelege, men det er ikkje rett å drepe folk sjølv om dei provoserer. Og lovseiaren i Kervad gjer det heilt klårt at det ikkje er greitt å take lova i eigne hender. 

Bøkene er spennande og reiser mange etiske problem i den klassiske kampen mellom gode og vonde makter. Me fylgjer Koll gjennom fleire år og forlet han som ung mann med ein flott kjærast og ei reflektert haldning til rett og gale.

Trine Naadland, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: