Onkelmysteriet

.

OnkelmysterietLotte er ny elev på skulen, og det er vanskeleg å få seg venner. Ho er litt annleis enn dei andre borna, men når ho blir kjent med Wille, alt forandrar seg. Wille har ingen venner han heller, men no skal desse to oppleve mykje spennande saman.

Når Lotte blir med heim til Wille, oppdagar dei at det foregår noko merkeleg og mistenkeleg der på garden. Onkelen til guten og vennane hans oppfører seg veldig rart. Dei driv med merkelege handlingar om nettene, har hemmelege møter i huset og dei er veldig ivrige med å passe på å ha ein stor lås på døra til låven ved sidan av huset. Kameratane Lotte og Wille begynner å lure på om dette kan settast i samanheng med tyveri som foregår i byen i det siste. Sjølv om onkelen til Wille er ein ganske sint, farleg og skummel mann, tek Lotte og Wille utfordringa med å finne ut kva som eigentleg foregår på gården hos onkelen. Lotte er modig, men Wille er meir forsiktig, men med stadig nye, spennande og utfordrande situasjonar blir dei betre kjent med kvarandre. Og skal tru, korleis går det til slutt med dette onkelmysteriet?

Forfattaren Jorun Thørring har laga ei morosom og spennande bok som på same tid også tek opp emner. Mobbing på skolen, vennskap og dette å tore å bli modigare enn du tror kan vere aktuelt for ganske mange i våre dagar.

Spenning for mellomtrinnet.

Agnese Servude, Herøy folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: