Dei hemmelege superheltane

.

superheltaneBoka kjem i Samlagsserien Leseland,  Nivå 4 (Leseproffen) som har 70-90 ord på sida og er for dei som treng litt meire å bryne seg på. Det er kjærkome med slike morosame bøker på nynorsk når ungane skal praktisere og trene på det dei lærer i skulen.

Denne boka er frå 2015, men nå i 2016 kjem det 18 nye titlar for ulike lesenivå og aldersgrupper

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: "Dei beste". Der les dei teikneseriar om superheltar som Supermann, Gigamann og Geckogirl  - og så drikk dei brus og et kjeks og drøymer om å treffe superheltane. Innimellom dreg dei til teikneseriesjappa for å hamstre nye seriar, men den tjukke mannen som eig sjappa er skikkeleg sur og jagar dei når dei bare vil kikke, - og så har han eit hemmeleg rom dit han ber inn heile las med pizza. Kan verkeleg ein mann ete så mykje? Våre unge heltar vil finne ut av dette og lagar ein hemmeleg plan som faktisk fungerer. Dei får møte heltane sine som kjem på besøk i hytta til den hemmeleg klubben!

Superheltane er glade for å få nye vener, men dei er leie seg for at ingen trur på dei, eller har oppdrag til dei. Derfor  må "Dei beste" ordne opp for dei fantastiske.
Fabulerande og leiken lettlesingsbok for litt større barn.

Trine Naadland, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: