Beskytteren

.

BeskytterenHarlan Coben er eit kjent namn innafor kriminal- og spenningslitteratur. Har har tidlegare gjeve ut ein serie om Myron Bolitar, i tillegg til mange frittståande romanar. Denne boka er den fyrste i ein ny serie for yngre lesarar, og hovedpersonen er Myrons nevø Mickey.

Mickey Bolitar har nett flytta til byen etter å ha bodd mange forskjellige plassar over heile verda i oppveksten. Han har mista far sin i ei ulykke og mora er lagt inn til rusavvenning, derfor bor Mickey hos sin onkel, Myron. Som sin onkel er også Mickey et naturtalent i basketball, og ser og ut til å ha det same talentet for å finne trøbbel.

I løpet av kort tid har Mickey erta på seg skulens verste pøblar, og finni seg eit par venner. Ein dag, på veg til skulen, ropar ei nifs gammal dame på han og seier "Mickey! Far din er ikkje død!" Men Mickey var og med i ulykkesbilen, og veit kva han såg.

Kjapt fint språk, gode intriger og mykje av den same humoren ein kjenner frå Myron-bøkene, gjer dette til ei svært underhaldande leseoppleving. Målgruppa er som sagt ungdom og unge vaksne, men vaksnare vaksne kan og gjerne lesa ho med fornøyelse.

Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: