Svartedalen

.

SvartedalenHovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder. Når alle vennane reiser på båttur, hyttetur eller til syden på ferie, reiser han til huset som faren har arva på bygda der han kjem ifrå.

Det er eit stort gammalt hus som vert kalla Kapteinhuset, han som bygde det var kaptein på seglskuter. Det gamle huset er litt nifst, det knirkar i veggane og ular rundt hushjørna. Det tassar og kviskrar på loftet. Det er som heile huset lever.

Hovudpersonen møter på ei jente som sit på brygga. Håret hennar er svart som bek, kleda likeeins. Ansiktet hennar er bleikt og ho har store ringar i øyrene, svart leppestift og nokre knallgrøne auge.

Ein dag gjekk hovudpersonen ut i skogen og havnar i Svartedalen. Dit burde han ikkje gå. Historia fortel at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Merkelege ting skjer, han høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen.

Dette skal verte den beste og verste sommaren han nokon gong har hatt.

Lettlesen grøssar på nynorsk for ungdom. Forfattar: Atle Hansen. Spennande frå første stund.

Britt Opsahl Myrene, Ulstein bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: