Hyttemysteriet

.

HyttemysterietHyttemysteriet er bok nr. 2 i serien om Stian og Stine. Fortellinga begynner med Stian si fortelling, når han oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen. Ein gong skjedde det eit mord i hytta, eit mord som ikkje vart oppklara. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?

Boka inneheld mykje spenning i seg på grunn av mysteriet rundt hytta. Men det skjer like mykje spennande i kvardagen til Stian og Stine. Dei er nettopp blitt stesøsken. Stian har mista mora si, og Stina har aldri hatt far. Foreldra til begge har no etablert ein ny familie og ønskjer det beste ved, til dømes å prøve samle heile familien til felles pizzakveldar. Men det viser seg å ikkje vere så lett. Stian har også ei storesøster på 16, som ikkje er interessert i å etablere god vennskap med verken Stine eller mora til Stine. I tillegg er det fleire utfordringar på skulen og i fritida. Stian blir mobba, og det er ikkje så lett å finne seg ein god venn, unntatt stesøsken Stine. Stine er blitt forelska i ein gut på skulen. På same tid må ho prøve å finne nok tid til både venninnene sine og til å løyse mysteriet i lag med Stian.

Detektivarbeidet utviklar etter kvart fleire alvorlege situasjonar. Når ein har starta å lese, så er det ikkje lett å legge frå seg boka på grunn av nysgjerrigheit: kva skjer vidare? Så det er berre å lese i vei!

Boka er på nynorsk og skrive av Magnhild Bruheim, og kan lesast også som frittståande bok. Passar best for lesarane frå 10 år og oppover.

Agnese Servude, Herøy folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: