Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

.

Konrad KraakebolleMøt dei  forunderlege skapningane vi kan treffe på i fjøra: Bella Blåskjel,  Karelius Krabbe, Konrad Kråkebolle og mange fleire. 

Dette er ei fin lita bok skriven på rim med fargesprakande illustrasjonar. Brenda Brennmanet er rosa, flott og litt skremmande, for vi veit jo kor vondt det kan svi om ein av trådane hennar sveipar borti oss. Medan Frede Fjæreskrukketroll er artig og mangfoldig, med mange, mange bein.

Boka kan ein godt lese før eller etter ein fjøretur, kanskje vil ein treffe på nokre av fjørefantane? Ei flott bok, med artige vers som både små og store kan glede seg over. Og ikkje minst er illustrasjonane av Per Ragnar Møkleby heilt fantastiske. Forfattar: Lisbeth Dreyer.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: