Vi var løgnere

.

vi var lognereDet er sommar og vi er på ei øy utanfor austkysten av USA. Rikingen Harris Sinclair eig heile øya og her har han fått bygd flotte sommarhus både til seg sjølv og dei tre arvingane sine. Kvar sommar er heile storfamilien her, bestefar Harris, døtrene og deira familiar. Dei lever privilegerte liv med tenarskap som tek seg av alt det praktiske. Hovudpersonane i boka er søskenbarna Cadence, Mirren og Johnny. Med i gjengen er også Gat, steson i den eine familien.

Gjengen har ein herleg sommar på øya – badar og kosar seg.  Romantikk er det også i lufta – Cadence forelskar seg i Gat.  Alt ser idyllisk ut – men det er på overflata. Søstrene, arvingar til store rikdommar, kranglar seg i mellom. Ungane merkar dette, både dei minste og dei i tenåringsgjengen. Ei dramatisk ulykke skjer, men vi som lesarar, får ikkje vite kvifor og korleis. Vi får berre nokre hint. Cadence vert alvorleg skadd denne 15. sommaren på øya.

Vi møter Cadence igjen den 17. sommaren på øya. Ho hugsar svært lite frå det som skjedde den 15. sommaren, og ingen av dei andre vil fortelje noko. Men etter kvart kjem minna tilbake. Ho grev og spør og dramatiske hendingar frå sommaren to år før, vert gradvis avslørt. Og til slutt vert mysteriet oppklara både for Cadence og for oss som lesarar.

Dette var ei spennande og kjekk sommarbok om alt grumset og alt det fæle som kan skje i ei tilsynelatande «perfekt» familie.

Boka høver både til ungdom og vaksne.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: