Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

.

dei et ikkje sjokoladeIngunn Røyset har skrive ei realistisk forteljing om korleis det var å vere barn under krigen. Rammeforteljinga er Dagny som har flytta tilbake til mormors gard saman med mor og far. Mormor er Dagnys trøst, ho har alltid god tid og fortel mange spennande historier om krigen.

Dagny synest mor er urimeleg som nektar henne sjokoladepålegg, og ho kvir seg veldig for å byrje på ny skule der ho ikkje kjenner nokon! Ho gjeng sinna til sengs utan kveldsmat -  og vaknar opp i ei anna verd der ho er midt i krigen vinteren 1944/45! Sjølv om ho eigentleg veit at ho er Dagny, forstend ho etterkvart at det er ho som er "mormor" 10 år gamal, og at mamma og pappa nå, er oldeforeldra hennar. Historia kan lesast som eit mareritt - ho vaknar til slutt etter å ha vore sjuk.

Det er skummelt å leve i eit lita bygd som er full av tyskarar og russefangar og tyske skip rett nede på fjorden som blir bomba av engelskmennene. Maten er ikkje god og skulen er utriveleg. Bokstavane er vanskelege å lese, lærarinna er frykteleg streng, og så er det mykje mobbing. Det har kome ein liten fordriven finnmarksfamilie, og dei andre er slett ikkje snille mot Belinda som dei meinar er samejente (=mobbeobjekt).

Røyset skildrar både stygg mobbing, tysk rassia etter tysting, motstandsfolk i dekning og provokatørar. Der er nokre sterke historier som det kan vere greitt å snakke om i ettertid. Dei verkar sterkare når dei er realistiske.

Røyset bur på Flø og ho har brukt mykje ekte stoff, både henta frå krigslitteraturen og intervju med gamle damer som delvis er modellar i boka.

Boka  har også ei litteraturliste. Passar godt for 10-12-åringar.

Trine Naadland, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: