Zainab må flykte

.

zainab ma flykteZainab er 9 år. Ho bur i eit land langt borte saman med mor, far og bestemor. Zainab synest det er spanande å sove på taket. Då ligg ho våken og ser på månen og stjernene før ho sovnar. Det er så stille og fredeleg. Men det er ikkje alltid slik. 

Det er krig i landet, og dei kan høyre lyden av bomber og rakettar kvar dag. Ein dag kjem ikkje faren hennar heim igjen. Familien får eit brev frå han der det står at dei må flykte. Saman med resten av familien, og bestevennen Ali og familien hans, legg Zainab ut på flukt gjennom ørkenen, der dei etterkvart søker tilflukt i ein flyktningeleir ute i ørkenen.

Trass i det alvorlege temaet denne boka tek opp, så er det ei varm og vakker biletbok. I boka kjem det fram at menneske har evne til å tilpasse seg og glede seg over det gode sjølv om ein er i ein vanskeleg situasjon. Forfattaren, Salah Nassar, har sjølv illustrert boka med akvarellar. Han er kurdar og historia er basert på hans eigne erfaringar.

I dag er det krig i mange land i verda, og mange menneske er på flukt slik som Zainab og familien hennar. Denne boka er difor eit viktig tilskot til barnelitteraturen.

Elisabeth F. Kjerstad, Sula bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: