Tenk at det var Teo!

.

tenk at det var teoTeo skal finne ut kva han er flink til. Han pratar med læraren sin, Vibeke og kjem fram til at han er god til å brette mjølkekartongar og til å rekne med minus. Og kanskje litt god i fotball – for det er jo meir stas. Kameratane vert litt i stuss når Teo fortel at han er god i fotball, for det synes tydelegvis ikkje dei.

Dermed er det i gong, Teo må vise kor god han er på fotballbana. Det går ikkje heilt etter planen og fører til endå meir trøbbel for Teo. Men sjølvsagt går det bra til slutt.

Dette er ei triveleg, spennande og morosam historie frå småskulen som mange, både små og store, vil kjenne seg att i. Vi møter den litt distré og godmodige læraren, den trygge, gode vaktmeisteren og dei litt skumle tredjeklassingane. Og mange attkjennande situasjonar.

Dette er tredje boka om førsteklassingen Teo. Dei to første heiter «Teo i trøbbel» og «Teo tar sjansen». Forfattar: Solveig Blindheim Bendixen.

Bøkene om Teo er kjekke bøker til høgtlesing både heime og på skulen.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: