Johannes i sporet. Hysj, hysj!

.

Johannes i sporetJohannes er ein nysgjerrig gut som likar å gå på oppdagingsferd. Idag er det nysnø ute og han får det riktig travelt. Han skal leite etter spor og prøve å finne ut kven som eig dei.

Det er bittesmå spor og kjempestore spor som ser litt skumle ut. Med falkeblikket sitt ser han spor heile tida. Spora finn han utafor huset, men jammen finn han nokon inni huset og, skal tru kven som eig dei? Johannes er ein superdetektiv så han finn det nok ut. Gjer du?

Om natta når han søv hendar det underlege ting. Mor seier han har fått spor på hjernen. Kanskje det? Kjekt er det i alle fall og Johannes leitar vidare. Men dagen etter er alle spora plutseleg borte. Kva har skjedd?

Denne biletboka av Unni-Lise og Ola Jonsmoen er interressant og lærerik, men samstundes spanande og morosam. Tema er natur og landskap og ei formidling om at det er kjekt å bo på bygda. Johannes tek oss med inn i dyra si verd og gjer oss kjend med den på ein annleis måte.

Illustrasjonane, strek i akvarellar laga av Unni- Lise Jonsmoen, er berre vidunderlege. Dei har mykje humor. I tillegg er dei fulle av liv, noko som på ein måte er med å streke under Johannes sin iver i jakta på spora.

Det finns heile seks bøker i serien om Johannes.
Boka passar for ungar i alderen fem til ti år.

Astrid Eriksen, Vestnes folkebibliotek

 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: