Anton og Jonatan

.

anton og jonatanAnton og Jonatan er bestevenner og saman om alt, dei opplever mange eventyr blant anna på månen og på havets botn. 

I denne boka får vi frå bamsen Antons perspektiv bli med når han og Jonatan dreg på tur gjennom byen, Jonatan syklar og Anton sit i korga framme på sykkelstyret. Men denne dagen skjer det noko dramatisk.

Akin Düzakin har illustrert boka fint med duse fargar som passar godt til det melankolske temaet. Boka er skrive av Jostein Gaarder.

Dette er ei bildebok for born frå 4-årsalderen som kan opne for samtalar rundt det å miste nokon ein er glad i.

Elisabeth Haugen, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: