I morgen er alt mørkt

.

i morgenBrage er ein vanleg norsk ungdom som lever trygt og godt i lag med familie og vener. Heilt til den dagen då forferdelege nyheiter frå Japan kjem. Ein parasitt som smittar folk og gjer dei heilt gale eller «forrykte» er oppdaga. Tilsynelatande blinde av raseri går dei laus på alt og alle som kjem i deira veg. Ingen veit korleis parasitten smittar og om han vil kome hit til oss. Etter kvart kjem smitten også til dei vestlege landa og «forrykte» personar dukkar opp overalt - også i landet vårt.

Brage må kjempe for livet mot dei «forrykte». Han må ta val og gjere ting han aldri vil gløyme. Samfunnet går i oppløysing og alt vert rasert. TV og internett fungerer ikkje lenger og folk flyktar. Vil livet nokon gong bli slik det var før? Og vil Brage nokon gong ha sjanse hos Frida som han er så forelska i?

Dette er ei dyster og skremmande bok fylt med action som kan få ein kvar til å grøsse – også ein vaksen lesar. Boka er spennande å lese frå byrjing til slutt og er svært vanskeleg å legge frå seg.

Etter å ha lese boka tenker eg på kor viktig det er å sette pris på det vi har og som vi reknar som så sjølvsagt. Og som Per Fugelli seier, vi må ta vare på flokken.

Eg ser alt fram til å lese neste bok «Marlens historie» som er planlagt utgjeve i løpet av 2015. Forfattar er Sigbjørn Mostue.

Boka passar for ungdom frå 13 år og oppover.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: