Selma & Louise

.

selmaHildegard er femten år, har nettopp mista si beste venninne og føler seg skikkeleg utanfor. Ho ser fram til årets høgdepunkt – sommarbesøk av det smellvakre og tøffe søskenbarnet sitt, Selma. No skal det endeleg skje noko – og det gjer det til gangs!

Selma har nettopp byrja å prøvekøyre. Jentene tjuvlåner bilen og legg ut på ein vill biltur slik som jentene i filmen «Thelma & Louise».  

Boka er både spennande og underhaldande, og sjølvsagt med litt romantikk i lufta. Det er ei lettlest bok som vil passe godt for ungdommar som av ulike grunnar ikkje les så mykje. Eg trur også at særleg jenter i ungdomsskulen vil like denne boka. Boka er skrevet av Camilla Otterlei.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: