Hubert og flekken

.

hubertPå vegen til skulen treffer Hubert ein liten hund, ein kvalp. Kvalpen er så nydeleg og kjekk at Hubert har lyst til å løfte han. Og Hubert gjer det. Og kvalpen tisser på han. Og då begynner alt.

Korleis kan no Hubert vise seg på skulen med ein flekk på buksa akkurat der, på den verst tenkelege staden? Det ser ut som han sjølv har tissa i buksa. Ingen vil tro at ein valp har gjort dette. Hubert må vere kreativ med ideane sine for å skjule flekken på buksa. Ved møte med skulekamerater later Hubert som han må knyte skolissene, t.d. Eller han krøker seg saman på golvet i klasserommet og later som om han vil sjekke kor godt golvet er vaska. Og så vidare, og vidare og vidare… I løpet av dagen treffer han stadig nye utfordringar med å skjule flekken på buksa.

Boka er verkeleg morosam. Ein les historien om Hubert og tenker med spenning på kva som blir det neste han kjem på? Ho passar for barn i 1.-5. klasse. Forfattar er Arne Svingen.

Agnese Servude, Herøy folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: