Skyggefødt

.

SkyggefoedtUngdommane Jon, Kalle, Pia og Andreas, i alderen 14-17 år, stikk av frå "Vassmo motherfuckings behandlingshjem" som Kalle seier.

Hovudpersonen Jon, pene Pia, utilreknelege Kalle og snilde Andreas, har alle si historie. Kalle har stole ein bil og han køyrer. Dei har ingen plan. Dei vil berre vekk frå eit samfunn som dei har lært å hate og som tilsynelatande ikkje har plass til slike "trøbblete jævlar" som dei. Når dei andre byrjar å mase om kvar dei skal, svingar Kalle inn på ein humpete veg som tek dei til ein gamal nedlagt gard langt frå folk.

Dette må vel vere den perfekte plassen for å slappe av og feste?

Spenninga mellom ungdommane vert større etter kvart som dei forstår at dei ikkje er åleine på garden. Andreas er den som merkar det først, dei andre tek han ikkje på alvor før det er forseint....

Det bur verkeleg nokre farlege skapningar under jorda på den gamle garden. Slike ein skal repektere.

No har ungdommane forstyrra dei og dei er slettes ikkje glade. Dessutan møter Jon ei mystisk, nydeleg jente i skogen.

Det er mykje action og dramatikk i boka, ganske brutal til tider, med ei røff handling og eit tøft språk. Det er ikkje sikkert at alle kjem seg trygt heim!

Boka passar best for alderen 13 år og oppover til utolmodige lesarar på vidaregåande.

Den vil verte likt av gutar og jenter som likar grøss og action. Les den sjølv, men ikkje åleine på hytta for denne boka er skummel.

Jan Tore Noreng si heimeside finn du her http://noreng.wordpress.com/

Britt Opsahl Myrene, Ulstein bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: