Inn i elden

.

inn i eldenVeit du korleis ein finn ut kven som er ei heks og kven som ikkje er det? Ein bind hender og føter på personen og kaster han ut på eit vatn. Flyt ho, er ho ei trollkvinne, som Djevelen held oppe, og ho vil bli brent på bålet. Flyt ho ikkje, men druknar, er det Guds vilje og teikn på at ho er uskuldeg og Gud har teke ho til seg.

Dei to jentene Dorothe og Elen veks opp på 1600-tallet, ei tid med streng kristendom, mykje overtru og heksebrenning. Dei er båe 15 år. Dorothe kjem frå ein rikmannsfamilie i København. Elen veks opp i ein fattig familie i Vardø i Finnmark. Mora er ei "klok kone" som hjelper folk og dyr med emnene sine. Og ho prøver å lære dei vidare til Elen.

Vegane til dei 2 jentene kryssar kvarandre då Dorothe blir tvangsgifta med Johan, ein rik vaksen mann. Johan er den nye futen på Vardøhus. Futen sitt arbeid er å døme kvinner og menn som har blitt anklaga for å stå i ledetog med djevelen og utrette trolldomskunst. Vardøhus er ei festning med ein fengselkjellar.  I fengselkjellaren sitt mora til Elen.

Boka er delt slik at dei 2 jentene skriv annakvart kapittel. Ein følgjer Dorothe frå ho går rundt i eplehagen i København uskuldig og glad, til ekteskapet med Johan, turen langs kysten av Noreg til Vardø - og det nye livet som gift - og gravid med ein mann som dømer kvinner og menn til døden. Livet til Elen endrar seg etterkvart som mora blir sett på med meir og meir mistenksomheit og til slutt angjeve og fengsla. Elen sitt då aleine med ein funksjonshemma bror.

Les og bli klokere på ei tøff tid, kor menneskeliv hadde lite verd og jenter uansett rikdom hadde lite å seie over eige liv. Forfattaren Aina Basso er utdanna historikar. Hun har skrive eit etterord for den som vil vite endå meir om hekseprosessar i Noreg.

Boka passar for elevar i ungdomsskulen - og vaksne.

Gudrun Refstrup, Fræna folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: