Kirkegårdsboken

.

kirkegardsbokenNobody Owens veks opp mellom dei døde på ein gammal kyrkjegard. Han føler seg meir heime hjå spøkelsa der enn han gjer blant jamnaldringane på skulen. Livet på kyrkjegarden byr både på farar og spanande opplevingar, men det er i landet til dei levande at dei verkelege farane truar. Der bur nemlig Jack, mannen som allereie har teke livet av Nobody sin familie.

Nobody, eller Bod som han vert kalla, blir passa på av vampyren Silas og varulven frøken Lupescu. Etter kvart oppdagar Bod at han er nøkkelperson i den store kampen som Silas og frøken Lupescu har kjempa mot dei onde kreftene i uminnelege tider. Forteljinga vekslar elegant mellom dei levande si verd, den nedgrodde kyrkjegarden og svimlande fantasy-landskap skjult nede i nokre av gravene.

Boka er ein slags spøkelsesvariant av Kiplings Jungelboken, og Neil Gaiman fekk ideen då han såg son sin på trehjulssykkel på ein kyrkjegard. Det er ei fantastisk spanande, artig og litt skummel bok som passar for barn og ungdom frå 12 år og oppover. Boka er lett å lese og den har detaljerte og levande illustrasjonar.

Du kjem aldri til å sjå på kyrkjegardar på samme måten igjen etter å ha lest denne boka!

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: