Harry og Roger på tur

.

Harry og RogerEin dag er dei to sjarmerande vennane Harry Horn og Roger Mår ute og går tur. Då finn dei plutseleg ein ryggsekk med ei bok i. I boka er det bilete frå plassar og land dei aldri har høyrt om.

Dei les i boka, og drømmer om å reise sjølve. Til Island for eksempel, der isen veks på tre, eller til Golfstraumen der ein kan spele golf, eller kanskje til Rødehavet. Dei startar på reisa ut i verda, men etter ei stund stoppar dei opp og tenkjer seg om ein gong til. For det kan vel henda at det er farlege ting ute i den store verda også?

Teksten er filosofisk og poetisk. Det er lett å kjenne seg igjen i desse to vennlege og svært ulike karakterane. Dei tenkjer og drømmer og spekulerer. Ein kan ikkje anna enn bli bergtatt av desse to sjarmørane. Fargane på illustrasjonane i boka er nydeleg avstemt mot kvarandre. Det er lite tekst, men bileta fortel mykje. Dette er ei biletbok for førskulebarn.

Elisabeth F. Kjerstad, Sula bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: