Prikk og Flekk

.

Prikk og FlekkI Prikk og Flekk-bøkene treffer du to koselege og kjekke karar. Den eine har prikkar på, den andre har flekkar. Dei er opptatt med forskjellige ting i dei forskjellige bøkene. I ei bok bakar dei, i ei anna pussar dei opp hus. Ein annan gong opplever dei eventyr i eit snøvêr. Du kan også lese om når dei er på piknik, og treffer mange forskjellige kryp.

Prikk og Flekk-bøkene har sin eigen sjarm på grunn av artig ordspel. Alle fortellingane er knytta til prikkar og flekker, til dømes har dei flekkete sofa, prikkete tapet, dei bakar kokosbollar med prikkar på eller går på priknik (der begge går på piknik). På slutten av kvar bok står det artige ting som vaksne kan gjere saman med barn. Til dømes, i boka som handlar om snø, står det ei oppskrift om korleis ein kan lage snøflak eller ein kan lese om marihøner og sommarfugler i slutten av Priknik boka.

Boka har vakre illustrasjonar, enkelt språk, og ikkje mindre viktig – den er på nynorsk. Desse bøkene passar for barn frå ca 3 til 8 år.

Agnese Servude, Herøy folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: