Hanas koffert

.

Hanas koffertEi skuleklasse får omvisning på eit Holocaustsenter i Tokyo i Japan. Dei vert spesielt opptatt av ein mørkbrun koffert som det står tydeleg namn på. Hana Brady, 16-mai 1931 og waisenkind, står det på den. Waisenkind er tysk og tyder foreldrelaus. Kofferten kjem frå konsentrasjonsleiren i Auschwitz.

Fumiko Ishioka, leiaren på holocaustsenteret, starta jakta på historia bak kofferten. Ho finn ut at kofferten høyrde til ei jødisk jente, Hana Brady, som vaks opp i Tsjekkoslovakia. Vi får høyre om korleis ho hadde det før okkupasjonen og kva som hende med både faren og mora. Historia tek oss til slutt til Canada.

Boka er basert på ei sann historie som foregår i tre verdensdelar over ei periode på nesten sytti år. Vi får sjå bilde av Hana og teikningar som ho teikna då ho og broren budde i Theresienstadt, ein jødisk getto i Tsjekkoslovakia. I 1942 vart ho og broren sendt til Auschwitz.

Dette er ei verkeleg god bok, ei rørande forteljing, engasjerande og tankevekkande. Boka er lettlest og passar både for born og ungdom som vil lære meir om andre verdenskrig og korleis det var for jødane før og under okkupasjonen.

Boka er gitt ut i 50 land og har fått over 50 litterære prisar.

Britt Opdahl Myrene, Ulstein bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: