Purriot og den forsvunne bronsehesten

.

purriotDette er den andre boka om den populære detektiven Purriot. Vi kryssar fingrane for at det ikkje sluttar med dette. Bjørn Rørvik (tekst) og Ragnar Aalbu (illustrasjon) er blant dei dyktigaste humoraktørane i barnebokverda. Her har dei slått seg saman og klart å skape ein serie som truleg blir ein ny og etterspurt krimslager for dei minste borna.

I den siste boka skal Paprika, kona til detektiv Purriot, spele dronninga i eit historisk spel på Hurlum. Under prøvene forsvinn ein gamal verdfull bronsehest, og Purriot vert tilkalla. Ei kinkig sak som slett ikkje vert enklare av at politimester Gurk skal spele kongen. Han er ikkje akkurat den skarpaste kniven i skuffa.

Historia er både lattervekkjande og truverdig, krydra med mørke elegante teikningar som tilfredsstiller mysteriehungrige born. Purriot har klare likskapstrekk med sin med sin verdskjende kollega Hecule Poirot, bortsett frå at han er ein purre! Også dei fleste andre karakterane i denne serien består av frukt og grønt, som Sellerina Stang, Per Sille, Nils Neperud m.fl. Boka høver best for born i alderen 6-10 år.

Øyvind Fet, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: