Matboksen

.

MatboksenHer er ei bok for ferske lesarar! "Løveunge"-serien til Cappelen Damm inneheld bøker med store bokstavar og éi kort setning på kvar side, slik at ein kan klare å lese seg gjennom ei heil bok sjølv om ein nettopp har knekt lesekoden.

Boka Matboksen handlar om Mie og familien hennar. Ein dag har dei forsove seg! Alle får det travelt. Pappa smører matpakke i ein fei, mamma steller babyen og Mie får ikkje ein gong tid til å drikke ferdig før dei må stresse seg avgarde. 

Det er lett å komme i vegen for dei vaksne når dei skundar seg og har det hektisk, og Mie får stadig beskjed om å sjå seg føre. Men når pappa spring så fort han kan etter Mie, mamma og babyen med matboksen dei har gløymt att, kven er det som gløymer å sjå seg føre då?

Det er så langt utkome nær 40 bøker i "Løveunge"-seien, og fleire kjem stadig til, både på nynorsk og bokmål. Illustrasjonane er fargerike, og innhaldet høver godt til aldersgruppa 6+. Av andre titlar kan nemnast: Fotballskoene, Karneval, Løs tann og Snørrunger, så her skulle vere litt for einkvar smak!

Vigdis Ødegård, Vestnes folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: