Nasevis : ei bok om store og små nasar

.

nasevisKan du gjette kva det betyr å vere nasevis?  Eg visste det ikkje då eg så boka første gongen, men det betyr å vere klok på nasar.

Alle dyr og menneske må puste for å leve og til det treng alle ein nase - eller går det an å vere naselaus og likevel puste og leve? Og - kan nasar brukast til anna enn å puste med?  Har du lyst å få svar på dette og mykje meir, må du lese denne boka som Erna Osland har skrive.

Her får du høyre om alle salgs nasar:  tryner, mular, snablar, nebb, snutar, dyr med berre pustehol og dei naselause. Om du er 5 år og blir lese for, eller 10 år og les sjølv, vil du bli klokare på mange dyr og nasane deira. Korleis dei ser ut, kor ulike dei er og alt dei kan brukast til.

Erna Osland har skrive mange bøker for barn og unge - 2 av desse liknar på Nasevis-boka. Boka Når du går over ei bru  handlar om alle slags bruer og korleis dei er bygde. I Venner med venger får ein høyra om korleis ulike fuglar lever.

Gudrun Refstrup, Fræna folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: