Gyldig fravær

.

gyldig fravarI romanen "Gyldig fravær" møter vi fem ungdomsskule-elevar frå Oslo. Dei går i same klasse, er vidt forskjellige, men har til felles at dei akkurat denne dagen kjem for seint til ein skuleekskursjon. Dei hamnar i same T-banevogn og er dei eineste som overlever då det plutseleg smell, og røyk og død breier seg utover, nesten som på film.

Romanen vart visstnok skriven før 22.07.2011, men etter den verkelege katastrofa er den ekstra og ubehageleg aktuell. Det som var film, dataspel og dystopi vert brått verkeleg.

Forfattaren seier ikkje noko om kva som er årsaka til eksplosjonen. Er det terror? Er ein av ungdommane bæraren av bomba, utan å vite det sjølv? "Gyldig fravær" er ein roman som stiller fleire spørsmål enn den svarer på og det synest eg er ein god ting.

Harald Rosenløw Eeg har eit muntleg og kjapt språk som er lett gjenkjenneleg og eg synest han er mellom dei beste som skriv om og for ungdom i dag.

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: