Svarte-Mathilda

.

svarte mathildaEtter at broren døde i ein tragisk brann, flytta Elisabeth saman med mora inn i ei leiligheit. I denne leiligheita døde Maria under uforklarlege omstende 20 år tidlegare. Etter kvart opplever Elisabeth merkverdige og skumle ting, som eksempel at ho på uforklarleg vis vert innestengt på badet der ho høyrer kviskrelydar.

Ho er sikker på at det spøker og søke hjelp frå klassekameraten Philip og ein bibliotekar for å prøve å finne ut kva som har skjedd i leiligheita.

Her får du verkeleg grøsse når historia om Svarte-Mathilda dukkar opp. Det er ei legende som seier at dersom du tek med ei lommelykt på badet og skrur av lyset medan du seier namnet til Svarte Mathilda sju gongar framfor spegelen, vil ho til slutt kome ut og drepe deg, dersom du ikkje tek beina fatt og spring derifrå.
Tor Arve Røssland har skreve ei god bok med grøss og gru i mengdevis og du veit ikkje ordet av det før boka er utlest…..spennande…spennande.

Ann-Mari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: