Utfor

.

ut forDen skuleflinke mobbeofferet Lea flyttar med foreldra sine til ei lita øy ute i havgapet. Her vert ho ven med Jonas og etterkvart også ven med Mia og broren Mads. Men alt er ikkje idyll på denne øya og Mia oppdagar etter kvart konfliktfylte forhold mellom personane ho vert kjent med.  Ho prøver å finne ut kvifor Jonas vert utstøytt og kvifor alle teier og ingen vil gi henne svar.
Dette utviklar seg til å bli ei spennande historie der Lea må ta eit val, og finn ho løysinga og svaret på det store spørsmålet ”kvifor?” 


Med ei drivande flott nynorsk språkdrakt, vert vi dregen inn i kvardagen på det vesle øysamfunnet. Det er ikkje utan grunn at forfattaren, som opprinneleg er frå Ålesund, vart nominert til Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomsbøker 2011.

Passar for ungdomsskulen og oppover.

Ann-Mari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: