Teo i trøbbel

.

Teo i trbbelTeo går i 1. klasse og har dårleg erfaring med klorvatn og bading, men uheldigvis har han skrøna til dei andre i klassa om at han kan symje. Når dei på skulen skal ha bading kvar veke, bestemmer Teo seg for at han ikkje vil vere med. Men kva er ei veke?


Han får liksom ikkje noko svar på det, så den dagen læraren seier at neste time er det bading, spring Teo ut i den kalde vinteren utan ytterkle og klatrar opp i eit tre. Der set han og blir iskald  på fingrar og tær. Dermed glepp den eine foten og Teo ramlar ned frå treet og havnar på sjukehus.

Teo er skikkeleg i trøbbel.

Forfattaren Solveig Blindheim Bendixen har skreve ei god bok som både er lettlest og morosam om språk, løgn og redsle. Det er ganske mykje tekst og passar nok best som høgtlesing eller for dei som les godt.
Boka er på nynorsk og utkom i 2011.

Ann-Mari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: