Hedvig

.

hedvigDenne boka handlar om Hedvig som snart skal byrje på skulen. Ho bor på ein liten gard i Sverige, langt til næraste nabo. Hedvig har ingen å leike med, derfor gler ho seg …… veldig!
Det vert morosamt på skulen, for ting skjer rundt Hedvig. Ein dag leikar Hedvig hest  saman med venninnene Linda og Ellen. Ellen er hesten og vert ein skikkeleg vill hest. Dermed stenger Hedvig og Linda henne inn i skuret ute på leikeplassen. Skuleklokka ringer og Hedvig og Linda gløymer den innestengde jenta,

men heldigvis oppdagar læraren at Ellen ikkje er til stades og reddar den gråtande jenta. Jentene får skikkeleg skjenn og telefon heim. Hedvig angrar  seg og rømer til skogs der ho vandrar seg vill.

Ein annan gong kranglar ho med Rickard, ein gut i klassen, og for å hevne seg på han, fyller ho såpe på drikkeflaska hans. Rickard tek ein god slurk. På kveldinga ringer mora heim til Hedvig og spør kva slag såpe Rickard drakk, for han kastar opp…. Er det farlig, eller?
Ellers manar ho fram ånder på do og prøver å straffe kantinedama med elektrisk sjokk.

Hedvig er ei skikkeleg  ”slyngeljente” med rare påfunn og idear. Historia om Hedvig er morosam og humoristisk, samtidig som den har ein alvorleg undertone.

Forteljinga passar best som høgtlesingsbok for småskulen.

Forfattaren Frida Nilsson er svensk og vert av kritikarane samanlikna med Roald Dahl.

Denne første boka om Hedvig vart oversatt til norsk i 2009. Les også dei andre bøkene om Hedvig.

Ann-Mari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: