Jag är Supermann

.

Jag är SupermannEit varmt julidøgn på Sunndalsøra er bakgrunnsramma for denne novellesamlinga av Lars Mæhle. Dei fem korte fortellingane med kvar sin hovudkarakter flyt inn i kvarandre og utfyller kvarandre.

Karakterane og hendingane i novellene er alle viktige brikker i ei samla forteljing som verkeleg får lesaren til å leve seg inn i beskrivelsene av det som kunne ha skjedd i denne Nordmørskommunen. Bengele, ein fyr som jobbar på Verket og som elles køyrer rundt i sin brune Audi, blir ein del av alle dei fem ungdommane sine forteljingar. Han har høyrt rykte om at det er ein rømling som held seg i skjul i nærleiken av Sunndalsøra, men stemmer det?

Novellane har god driv, og beskriv situasjonar og karakterar som vi alle vil kunne kjenne igjen frå vår eige samtid. Ei god og innhaldsrik bok som er både kort og ganske lettlesen. Anbefalast.

Marit Gravem Stølen, Tingvoll bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: