Zoomarferien

.

zoomarferienHar du høyrt om skrattoteket ? Det er ei gransking av ulike måtar å flire på, sett opp systematisk av bokas 14-årige helt, Odd. Skrattologi er ein alvorleg vitskap.

Men i ei lita romsdalsbygd, femten minutt frå Åndalsnes, har framtøk ungdom andre sommarprosjekt:
Odd og Per Tore går inn for å smygfotografere med Per Tores nye kamera med zoomlinse. Dei har tenkt seg å selje bileta tilbake til dei fotograferte for store kroner.
Eigentleg har dei tenkt seg bilete av jentekroppar, men berre før termofiseringa set inn. Det er for langt mellom dei rette jentene i bygda, så dei må nøye seg med eit lokalt boss-svin som ikkje er så lett å presse pengar av.

Odd har humor, ein velutvikla skepsis mot sunnmøringar, særleg om dei kjem frå Syvde, og ei filosoferande veslesyster som gjer livet enkelt og innfløkt samtidig.

Forfattar: Arnfinn Kolerud.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: